Ledige stillingar ved Fiksdal Friskule
Det er for tida ingen ledige stillingar ved Fiksdal Friskule.
Fiksdal Friskule SA er ein privat skule og SFO i vekst., Lokalisert i idylliske Fiksdal i Vestnes kommune. Der vi saman med nabobygdene er kjende for fantastisk natur, løysningsorienterte folk, breitt næringsliv og stor skaparglede.
Vi har alt vi treng rett utanfor døra; Noregs flottaste natur, fjell, skog, gapahukar, sjø, lysløyper, kunstgrasbane, nærbutikk, kulturliv og mykje meir. Fiksdal ligg sentralt plassert, 20 minutt frå kommunesenteret Vestnes, 45 minutt frå Ålesund sentrum, 1 time frå Åndalsnes sentrum og 1 time frå Molde. Innanfor 45 minutt køyretur frå Fiksdal ligg det nesten 50 000 arbeidsplassar og ventar på oss.
Skulen har pr. i dag 35 elevar, med ein klar ambisjon om vidare vekst. Fiksdal Friskule er ein moderne skule, og har som grunnfilosofi; ein leksefri skule, kristen formålsparagraf, fysisk aktivitet og fostring, samt fokus på gode matvanar og godt kosthald. Etter oppstarten i 2022 har skulen gjennomgått ei omfattande renovering og modernisering. Og framstår i dag som ein flott arena for barna si eigenutvikling og arbeidsplass for lærarar og fagarbeidarar. Vi skal skape den skulen som alle vil ha sine elevar i, og der alle ønskjer å jobbe. Skulen sitt motto og slagord er; «Lære gjennom å gjere».