Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) gjeldande for Fiksdal Friskule SA
Last ned pdf filen ved å trykke her


Heimel

Denne forskrifta for Fiksdal Friskule SA ordensregelement blir fastsett med heimel i lov om

grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova §2-9).

§ 1. Formål

Ordensreglementet for Fiksdal Friskule SA skal pregast av eit konstruktivt samarbeid mellom

elevar, føresette og tilsette. Elevane lærer å sjå seg sjølv som medansvarlege for å fremje eit

godt fellesskap og der sentrale verdiar som trivsel, samarbeid, respekt og toleranse for alle i

skulen blir vektlagt. Ordensreglementet er eit verkemiddel for å nå ei slik målsetting.

Reglementet tek utgangspunkt i at skulen er til for elevane og at elevane ønskjer å bruke sine

positive ressursar til å bidra til eit godt skulesamfunn for alle. Fiksdal Friskule har

nulltoleranse for mobbing.

Skulen er lærings- og arbeidsplass for mange menneske, både barn og vaksne. Saman har vi

eit ansvar for korleis ting fungerer på skulen. Dersom kvar enkelt gjer sitt beste, dersom vi er

til å stole på og viser respekt for kvarandre, kan skulen bli ein triveleg og god arbeidsstad.

Som elev har du både rettigheiter og plikter.

§ 2. Verkeområde

Ordensreglementet gjeld for alle aktivitetar i skulen sin regi når skulen har ansvar for tilsyn

med elevane. Reglementet gjeld og for skulefritidsordninga, og alternative læringsarena som

er under skulen si leiing og ansvar, som til dømes skuleturar, leirskule, prosjekt og på

skulevegen/skulebussen.

Ordensreglementet inneheld reglar for orden, åtferd, reglar for kva tiltak som kan nyttast

mot elevar som bryt reglementet (sanksjonar) og reglar for framgangsmåten når slike saker

skal behandlast (reglar knytt til behandling av saker).

Skulen har ansvar for elevane i undervisning, arrangement, ekskursjonar med meir der

elevane er under skulen si leiing. Dette inneber at ordensreglementet gjeld i alle typar

undervisningslokale, fellesrom, uteareal, og når elevane har undervisning andre stader enn

på skulen sitt område, til dømes i prosjekter, leirskule og studieturar.

§ 3. Elevane sine rettigheiter

Som elev ved Fiksdal Friskule SA har du rettigheiter. Du har krav på:

✓ at alle behandlar deg på ein ordentleg måte

✓ at andre viser deg respekt og lar dine eigendelar vere i fred

✓ at du skal vere fri for fysisk, psykisk, verbal og digital plaging/mobbing

✓ at du får eit godt lærings- og skulemiljø

✓ at kvar elev har rett og plikt til ro og orden i timane, og har eit medansvar for at andre

og får det

§ 4. Elevane sine plikter

Som elev ved Fiksdal Friskule SA har du plikter. Du:

✓ har ansvar for at ordensreglementet blir fulgt

✓ tar ansvar for eiga læring ved å gjere oppgåver og skulearbeid så godt du kan

✓ arbeider for å få eit godt lærings- og skulemiljø

✓ behandlar andre på ein ordentleg måte

✓ viser andre respekt og lar deira og skulen sine eigendelar vere i fred

✓ plager eller mobbar ikkje nokon, verken fysisk, psykisk, verbalt eller digitalt

✓ er ein god venn

✓ seier klart kva du meiner, til rett tidspunkt og på ein høfleg måte

✓ deltek aktivt i elevrådet sitt arbeid

✓ deltek aktivt i undervisning og gjer skulearbeidet til avtalt tid

✓ har innesko, kle/skotøy/utstyr til kroppsøvingstimane og andre fysiske aktivitetar i

skulen sin regi

✓ har orden i skulesakene dine og er klar til undervisning/læring når timen startar

✓ dersom mykje skulefråvær pliktar eleven å gjennomføre noko av den undervisninga

hen har gått glipp av (tilpassa arbeidsoppgåver gitt av kontaktlærar – maks 60 minutt

ekstra lekser heime ved skulefråvær)

✓ forlèt ikkje undervisingstimar eller skulen sitt område utan løyve

✓ deltek i fysisk aktivitet i løpet av skuledagen

§ 5. Orden

Skulen er lærings- og arbeidsplass for mange menneske, både barn og vaksne. Saman har vi

eit ansvar for korleis ting fungerer på skulen. Det er viktig å skape eit godt arbeidsmiljø for

både elevar og tilsette på skulen. Som elev bidreg du til dette ved at du:

✓ møter presis til timar og avtalar

✓ held orden

✓ held avtalar

✓ har med, og held orden på nødvendig utstyr

✓ gjer skulearbeidet til avtalt tid

✓ følger reglar for bruk av skulen sitt datautstyr og anna utstyr. (Jf. IKT-reglementet for

Fiksdal Friskule)

✓ bidreg til eit godt læringsmiljø

✓ medverkar til arbeidsro i klasserom, grupperom og korridorar

✓ gjer ditt for å halde skulen sitt område reint og ryddig

✓ tek godt vare på personlege eigendelar og så langt som mogleg, unngår å ta med

verdisaker på skulen

✓ tek godt vare på alt som tilhøyrar skulen, både ute og inne, og behandlar skulebøker

og anna undervisningsmateriell pent

✓ tek av hovudplagg inne

✓ sørger for å møte utkvilt på skulen og passar på å få i seg mat i løpet av dagen

§ 6. Fråvær

Elevar, føresette og tilsette ved skulen skal arbeide aktivt for å redusere fråvær. Følgjande

reglar gjeld:

✓ Skulen må så snart som mogleg få beskjed om elevars fråvær.

✓ Foreldre/føresette skriv melding på iSkole så snart som mogleg første fråværsdag. Det

skal opplysast om varigheit og årsak til fråværet.

✓ Elevar som ikkje møter til enkelttimar eller delar av skuledagen får registrert fråvær.

✓ Alt fråvær føres av kontaktlærar.

✓ Dersom bekymring knytt til fråvær frå skulen, blir dette varsla til foreldre/føresette før

vidare kartlegging og tiltak.

✓ Kontaktlærar kan gje eleven fri inntil 3 dagar, om behov for lengre fråvær må dette

søkjast om til dagleg leiar/rektor

§ 7. Åtferd

Alle elevar skal følgje vanlege reglar i samfunnet, samt vanleg god folkeskikk. Det betyr at

elevane skal vere med på å skape gode arbeidsforhold for alle elevar og lærarar ved:

✓ å vise omsyn og respekt for andre

✓ å vise respekt for undervisninga og gjere sitt for å halde arbeidsro i timane

✓ å vise respekt for andre sitt arbeid, meiningar, måtar å vere på og kle seg på

✓ å ikkje halde nokon utanfor eller medverke til at andre kjenner seg utanfor

✓ å snakke med respekt til alle menneske

På skulen, i skulen sitt nærområde og på opplegg i skulen sin regi vil vi ikkje oppleve/sjå:

✓ vald, mobbing, diskriminering, rasistiske utsegn og handlingar, krenkande ord og

handlingar

✓ hærverk og forsøpling

✓ steling

✓ at de snakkar usant og fuskar

✓ tyggegummi, rusmiddel, røyking/snus og energidrikk

✓ farleg leik, snøballkasting på andre område enn tilviste plassar

✓ stygg språkbruk (t.d. banning), slåssing og forstyrring av andre sin leik

✓ seksuell trakassering

✓ sjikane på grunn av religion eller livssyn

✓ bruk av sykkel utan sykkelhjelm (påbod – føresette sitt ansvar)

§ 8. Sanksjonar

Alle sanksjonar skal vere slik at elevane skal forstå kva reglar som er brote og kvifor skulen

må reagere på dette. Sanksjonane skal stå i rimeleg forhold til brotet på ordensreglane.

Eleven skal (dersom mogleg) få anledning til å gjere opp for seg.

Brot på reglar som følgjer av lov eller reglement kan kome under sanksjonane etter reglane i

dette kapittelet, dersom ikkje anna er særskilt nemnt.

Som hovudregel skal det berre bli gitt sanksjonar som følgje av lov eller reglement. Dersom

særskilte grunnar tilseier det, kan også andre sanksjonar av mindre inngripande art bli gitt.

Elevar pliktar å overhalde pålagte sanksjonar. Dersom elevar ikkje overheld gitt sanksjon kan

eleven bli pålagt nye sanksjonar.

Fysisk refsing og anna krenkande behandling må ikkje nyttast. Med fysisk refsing siktast det

ikkje til fysisk arbeid i samband med reperasjonar, rydding eller vask etter seg sjølv eller

andre.

Kollektiv straff kan ikkje nyttast for handlingar utøvd av enkelte medlemmer av gruppa.

Reaksjonar

Alle sanksjonar skal vere slik at elevane skal forstå kva for reglar som er brotne og kvifor

skulen må reagere. Tiltaka kan praktiserast ulikt alt etter kor alvorleg regelbrotet er og etter

eleven sine føresetnader.

Før alvorlege reaksjonar blir sett i verk, har eleven krav på å forklare seg munnleg overfor

den/dei som skal fatte vedtaket. Eleven har i slike høve rett til å ha med seg ein person.

Sanksjonane må stå i eit rimeleg forhold til brotet på ordensreglementet.

Brot på ordensreglementet kan medføre følgjande tiltak:

✓ munnleg irettesetting

✓ munnleg melding til foreldre/føresett

✓ skriftleg irettesetting/advarsel

✓ skriftleg melding til foreldre/føresett

✓ inndraging av gjenstandar som blir brukt på ein farleg eller provoserande måte og

inndratte gjenstandar kan tilbakeleverast til foreldre/føresett

✓ overføring til ei anna gruppe eller klasse. Foreldre/føresett informerast

✓ ikkje delta på skuleturar, klasseturar, ekskursjonar, arrangement og aktivitetar med

mindre ein føresett deltek (foreldre/føresett blir varsla og tiltak blir sett inn). Denne

nyttast i særlege tilhøve.

✓ pålegg om oppgåver for å rette opp skade eleven har påført skulen sin eigedom eller

eigendelar (rydde søppel, vaske golv, fjerne tagging etc.)

✓ vere til stades på skulen før eller etter skuletid i samband med samtalar med

lærar/dagleg leiar-rektor og/eller utføre pålagte oppgåver

✓ forbod mot å bruke skulen sitt datautstyr i eit bestemt tidsrom (IKT-reglement)

✓ krav om økonomisk erstatning

✓ utvising i tråd med §2-10 (undervisninga) i Opplæringslova

✓ skulebytte ved mobbing når omsynet til andre elevar tilseier det, og andre tiltak ikkje

har hatt ønska verknad. Skal berre nyttast i særlege tilhøve.

✓ meldt til politiet

§ 9. Nærmare om brot på reglementet og sanksjonar

§ 9-1. Straffbare tilhøve

Dersom det ligg føre mistanke om straffbare tilhøve, skal skulen be om politiet si hjelp til å

gjennomføre kontroll eller andre tiltak. Eleven sine føresette skal om mogleg varslast

munnleg samtidig med at politiet blir bedt om hjelp. Føresette skal uansett varslast skriftleg

om at det er søkt om hjelp frå politiet.

Det vil normalt vere den som er fornærma i saka som må levere ei eventuell politimelding.

Skulen vil kunne vere til hjelp i å utforme ei melding til politiet.

§ 9-2. Erstatningsansvar

Ved bevisst skade eller skadeverk på skulen eller andre elevar/tilsette sin eigendom og utstyr

kan eleven, i tillegg til å bli pålagt sanksjonar etter dette reglementet, også bli

erstatningsansvarleg, jf. Skadeerstatningslova § 1-1. Foreldre er erstatningsansvarlege etter

skadeerstatningslova § 1-2, pr. dags dato inntil kr. 5000.-. Om det er mogleg, skal også eleven

få høve til å utbetre skaden/gjere opp for seg.

Skulen kan ikkje haldast økonomisk ansvarleg for utstyr som vert øydelagd i skuletida, som til

dømes private syklar, ski, akebrett og etc.

§ 9-3. Bortvising

Ved bruk av vald og/eller truslar, særlege provoserande åtferd eller andre grove brot på

ordensreglementet, kan elevar på 1.-7. trinn visast bort frå undervisninga for enkelttimar og

resten av dagen.

Dagleg leiar/rektor vedtek eventuell utvising av halve dagar etter å ha rådført seg med

læraren til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller

straffetiltak. Eleven skal ha høve til å forklare seg munnleg overfor dagleg leiar/rektor.

Føresette til eleven skal varslast før utvising blir sett i verk for resten av dagen på 1.-7. trinn,

jf. Opplæringslova § 2-10.

§ 9-4. Mobiltelefon og Internett

Elevane har ikkje løyve til å nytte mobiltelefon i skuletida. Dette gjeld også alt anna digitalt

utstyr med opptaktsmoglegheit eller moglegheit for direktesending/samtale/streaming, som

t.d. smartklokker (GPS) med opptaksfunksjon (lyd/bilete). Elevane leverer

klokka(ne)/mobil(ar) ved skulestart og den /dei blir oppbevart trygt og elevane får den/dei

utlevert ved skuleslutt. Kontaktlærar kan innvilge dispensasjon.

Videokamera, kamera og anna digitalt utstyr kan ikkje nyttast utan samtykke frå lærarar,

andre tilsette eller medelevar.

Skulen sin tilgang til Internett skal som hovudregel nyttast i undervisning. Dette gjeld og

bruken av e-post.

Jf. Eige IKT-reglement.

§ 9-5. Om fastsetting av vurdering i dei ulike faga samt i orden og åtferd

Eleven skal ha halvårsvurdering i orden og åtferd utan karakter frå 1. trinn. Dagleg

leiar/rektor har ansvaret for at faglærar gjennomfører halvårsvurdering utan karakter.

Dersom dagleg leiar/rektor er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgt, kan dagleg

leiar/rektor be om ny fagleg vurdering.

Ugyldig fråvær kan føre til merknad knytt til vurdering i orden.

Ved vurdering i åtferd skal det takast omsyn til korleis eleven oppfører seg på skuleområdet

og elles når skulen har ansvaret for tilsynet med eleven. Ein skal særleg legge vekt på korleis

eleven oppfører seg ovanfor andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan og ta omsyn til

korleis elevane er mot kvarandre på skulebussen/skulevegen.

§ 10. Saksbehandling

Saksbehandling ved brot på ordensreglementet følgjer saksbehandlingsreglane i

Forvaltningslova kap. III-kap. VI ved enkeltvedtak, Opplæringslova, samt ordensreglementet

Udir-8-2014. Ved avgjersle skal følgjande saksbehandlingsreglar uansett gjelde:

a. Skulen pliktar å sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg, og avgjersla skal treffast

på eit grunnlag som er forsvarleg etter saka si art og karakter.

b. Før alle typar alvorlege refsingstiltak settast i verk, har eleven krav på å forklare seg

ovanfor den/dei som skal fatte vedtaket. Eleven har i møte med skulen rett til å ha

med seg ein person. Vedtaket skal grunngjevast.

c. Grunngjevinga skal bli gitt samtidig med beskjed om avgjersla til eleven, med mindre

særskilte forhold gjer det vanskeleg. Grunngjevinga kan gjevast munnleg, men ved

enkeltvedtak og eventuelt andre avgjersler av særleg karakter, skal grunngjevinga bli

gitt skriftleg.

d. Eleven sine foreldre/føresett skal få informasjon om saka sitt innhald og avgjersle som

skulen har fatta. Ved alvorlege brot bør informasjonen så vidt mogleg gjevast før

eventuelle tiltak blir sette i verk. Ved mindre alvorlege brot skal informasjonen bli gitt

ved neste foreldresamtale. Jf. Elles dei enkelte punkt.

§ 11. Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft 30. september 2025

Reglementet for orden og åtferd gjerast kjent for elevar, foreldre/føresett og tilsette kvart år

ved oppstart nytt skuleår. Dette ansvaret ligg til kontaktlærar i samråd med dagleg

leiar/rektor. Reglementet skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg på skulen si heimeside.

I tillegg til ordensreglement skal det utarbeidast eit reglement for å sikre at skulen har rutinar

og prosedyre for å ivareta elevane sitt psykososiale skulemiljø.